RUM-samling er ei spissa satsing, og det skal vere eit tilbod for dei beste spelarane i Sogn og Fjordane. Det er klubb/klubbtrenarane si oppgåve å melde inn namn på aktuelle spelarar. Kven som vil få delta på desse samlingane blir bestemt i samråd med spelarutviklar, klubbtrenar og region. Deltaking på RUM kan også føre til uttak på andre regionale tiltak som spissa gruppe, bylag og regionslag.
Trenarar for RUM denne sesongen blir Bjørn Roth-Andenæs, Øyvind Indrebø og Kjell Aske.
Meir informasjon om dette tiltaket er sendt ut til klubbane. Frist for påmelding er fredag 2.desember. Ved spørsmål, ta kontakt med Region Vest sin medarbeidar i Sogn og Fjordane Oddny Grete Njøten .