Nokre klubbar vil oppleve at mange, kanskje dei fleste oppgåvene er aktuelle, medan for andre klubbar vil færre oppgåver vere aktuelle. Vi trur uansett det kan vere nyttig og lærerikt å gå gjennom slike lister for å få tips om korleis ein kan organisere og fordele oppgåvene i ein handballklubb.
| Strategisk arbeid | ||
| Aktivitet | Tidsfrist | Ansvar |
| Arbeid i valnemda. | ||
| Innkalling og referat styremøte. | ||
| Konstituering av styret. | ||
| Utvikling og vedlikehald av årsplan | ||
| Utvikling og vedlikehald av handlingsplan og klubbhandbok | ||
| Utvikle organisasjonsstruktur der det står kva undergupper klubben har med tilhøyrande oppgåver. | ||
| Oppretting av sportsleg utval. | ||
| Oppretting av seniorutval og barne- og ungdomsutval. | ||
| Oppretting av utval som til dømes marknadsutval, arrangementsutval, dugnadsutval og dommarutval. | ||
| Innkalling og årsrapport til årsmøte. | ||
| Leiarskulering. | ||
| Tilsetjing av administrative ressursar. | ||
| Utarbeiding av stillingsinstruks og arbeidskontrakt for tilsette. | ||
| Informasjon / PR | ||
| Lage oversikt over trenarar og foreldrekontaktar | ||
| Oppdatering av medlemslister. | ||
| Sjekke klubbens e-post dagleg | ||
| Lage gode rutinar for informasjonsflyt mellom region og klubb | ||
| Lage rutinar for informasjonsflyt mellom klubb og spelarar, foreldre og andre medlemmer. | ||
| Klubbmøte | ||
| Oppdatering og utvikling av heimesider. | ||
| Lage sesongprogram / medlemsblad | ||
| Lage gode rutinar for omberamming av kampar | ||
| Kontakt med lokalmedia. | ||
| Miljø | ||
| Ha på plass oppmenn/foreldrekontaktar for alle lag, og lage oversikt over desse. | ||
| Møte med oppmenn/ foreldrekontaktar. | ||
| Handballskule. | ||
| Open Hall. | ||
| Hafo-turnering. | ||
| Arrangere internturnering på tvers av lag i klubben | ||
| Arrangere fellesturar til turneringar | ||
| Klubbdag, joleavslutning, sesongavslutning og årsfest. | ||
| Organisere premiering av gode miljøtiltak rundt laga | ||
| Teknikkmerkedag. | ||
| Arrangement | ||
| Oversikt over kampreglement, ballstorleikar, dommarsatsar og speletid. | ||
| Kampannonsering i forkant av arrangement. | ||
| Kontrollere at naudsynt utstyr er på plass i hallen | ||
| Utskriving av kamprapport. | ||
| Organisere låsing og hallansvar. | ||
| Organisere sekretær, tidtakar, billettseljar og kiosk. | ||
| Opplæring av sekretærar. | ||
| Speaker og musikk. | ||
| Registrering av kampresultat. | ||
| Innsending av kamprapportar til Region Vest. |